Korleis sette Struves meridianbue på kartet?
Denne sommaren har fire studentar vore i Finnmark for å finne ut korleis ein kan få fleire unge til å interessere seg for Struves Meridianbue. Struves Meridianbue er ein del av vår felles verdsarv som få kjenner til. Etter fire veker presenterte dei forslag til løysingar i kommunestyresalen i Alta Rådhus. Her kan du lese om desse løysingane og korleis dei vart utvikla.
Fire veker til å bli kjende med verdsarven
Tidleg i juni kom fire unge menneske til Alta, alle studentar innan forskjellige fagfelt og frå forskjellige stadar i landet. Dei hadde fått sommerjobb som trainees i prosjektet Verdensarvinger. Prosjektet finn stad kvart år og er organisert av Norges Verdensarv. Målet er å engasjere fleire unge i verdsarven. Saman skulle desse ungdomane vurdere korleis Struves Meridianbue kunne verte utvikla til noko som unge i større grad kunne få eit forhold til. Felles for dei fire ungdomane, var at dei hadde lite eller ingen kjennskap til dette kulturminnet frå før av.
Oppgåva til traineeane var å løyse «Årets utfordring». Utfordringa var utvikla av forvaltarane av Struves Meridianbue, i lag med Norges Verdensarv. Årets utfordring var som følger;
«Hvordan kan vi engasjere unge voksne, og få unge voksne til å få et eierskap til verdensarven?»
Ein av dei mindre kjente delane av den norske verdsarven
Struves meridianbue er ei kjede av trianguleringspunkt som strekk seg over 2 820 kilometer frå Hammerfest i Noreg til Svartehavet. Den vart oppretta av den tyske astronomen Friedrich Georg Wilhelm Struve mellom 1816 og 1855 for å måle jordas storleik og form. Meridianbuen vart i 2005 oppført på UNESCOs verdsarvliste som vitskaplege landemerke. I Noreg finn ein trianguleringspunkt i Finnmark frå Hammerfest til Kautokeino.
Struves Meridianbue er ein av dei mindre kjente delane av den norske verdsarven. Det er også få fysiske spor igjen etter kulturminnet og dei få spora som er att, strekk seg over store avstandar. Vardane som ein gong markerte dei gamle målepunkta, er stort sett vekke. Det er dermed lite igjen som kan observerast fysisk av det store arbeidet som vart gjort den gong. Dette gjer det også meir utfordrande å formidle betydninga av Struves Meridianbue som kulturminne. I tillegg er det krevjande å formidle arbeidet som ligg bak, i og med at dette i stor grad bygde på det matematiske konseptet triangulering.
Rundreise i Finnmark
Ungdomane hadde fire veker til å bli kjende med verdsarven og finne ei løysing på spørsmålet. Basen i Alta var eit godt utgangspunkt for å utforske nettverket av målepunkt, samt andre ting som kunne være relevant. Ein sentral del av arbeidet var å gå turane til dei ulike målepunkta. Punkta var gjerne plassert øvst på fjelltoppar, og eigna seg derfor godt som turmål. Her kunne ungdomane følgje i fotspora til oppmålarane og prøve å finne siktlinjene som vart nytta den gong.
Traineeane fekk reise både nordover til Hammerfest og sørover til Kautokeino. Dei fekk på denne måten forståing for dei store avstandane, samt sett diversiteten som pregar landskapet i Finnmark. Dei fekk møte fleire forskjellige aktørar som viste eit spekter av viktige tema knytt til verdsarven. I Hammerfest fekk dei sjå korleis kommunen handterer bevaringa av Struves Meridianbue i samband med utviklinga av byen. I Kautokeino fekk dei lære om samisk historie og kultur, og om korleis dei lokale spelte ei viktig rolle under oppmålingsarbeidet på 1800-tallet.
Friluftsliv som virkemiddel
På bakgrunn av desse opplevingane konkluderte gruppa med at Struves Meridianbue var noko som måtte opplevast og lærast i praksis. Problemstillinga vart dermed spissa til;
«Kan vi bruke friluftsliv som virkemiddel for å synliggjøre Struves Meridianbue som en relevant verdensarv for unge?»
Traineeane reflekterte over korleis dei sjølve hadde lært og forstått verdien av og bakgrunnen for Struves meridianbue. Å sjå meridianstøtta eller ein varde gav lite i seg sjølv, men turen opp til varden kan gi mykje. Dette vart ein sentral ide vidare i arbeidet med å finne løysinga på problemstillinga.
Årets løysing
Fredag 5. juli presenterte gruppa årets løysing i kommunestyresalen i Alta Rådhus. Løysinga bar preg av å vere basert på traineeane sine eigne møte og opplevingar av verdsarven og Finnmark. Dei presenterte korleis ein kunne engasjere og gi unge vaksne eigarskap til Struves Meridianbue gjennom «Synleggjering av Struvetoppane».
Ved å formidle Struvetoppane som eit turkonsept kan unge få kjennskap til verdsarven gjennom turopplevingar. Struvepunkta er plassert der dei er fordi ein på denne måten fekk gode siktlinjer mellom toppane. Gode siktlinjer betyr også god utsikt, noko mange gjerne er på jakt etter når ein ser etter turmål. Struvepunkta strekk seg på langs av Finnmark og i ulike typar landskap. Om ein ser på dei ulike punkta som eit nettverk, vil dei dermed utgjere turmål som er forskjellige og som saman representerer noko av mangfoldet i landskapet i Finnmark.
Eit heilskapeleg tilbod
Tanken var at om ein som tilreisande eller lokal var ute etter finne eit turmål, skulle nettverket av målepunkt utgjere eit heilskapleg tilbod. Nokre av målepunkta er allereie populære turmål, som Lille Reipas i Alta og Tyven i Hammerfest. Det synte seg at unge, og folk ellers, stort sett brukte internett når dei var på utkikk etter å finne eit turmål. Om målepunkta vart kopla saman på ein eller annan måte, vil det skape eit større medvit om samanhengen mellom turmåla.
Det finnast allereide etablerte aktørar på nett, som UT.no eller den meir lokale Perleturer, som kan koplast på her. Dette er nettsider der det står nødvendig informasjon om forskjellige turmål. Struvetoppane kunne presenterast som eit eige konsept, der målepunkta vart lagt inn som forskjellige turmål, knytt i hop som eit nettverk.
Under opphaldet laga gruppa ein video som handlar litt om prosessen og deira tankar rundt verdsarven. Filmen er produsert av Kentaro Indo.
Ei løysning med potensiale for å skape eit breiare engasjement
Ved å gjere informasjon om desse punkta tilgjengeleg gjennom allereie etablerte aktørar, vil det vere lettare for fleire å gå turane sjølve og sjå igjen siktlinjene som vart brukte den gong. Når fleire går opp på toppane, kan også fleire verte interesserte i historia som ligg bak. Struvetoppane vil dermed fungere som ein måte å opplyse og invitere til vidare læring om verdsarven.
Friluftsliv har vore og er populært blant unge vaksne, men også for folk i alle andre aldrar. Det er derfor ikkje berre ei løysning med potensiale til å engasjere unge vaksne, men også for å skape eit breiare engasjement. Det skal i tida framover etablerast eit verdsarvsenter for Struves Meridianbue i Hammerfest. Presentasjonen til traineeane vil dermed gi aktørarane eit godt utgangspunkt i arbeidet med å formidle verdsarven vidare. Ved å invitere unge til å oppleve Struves Meridianbue, vil ein sikre at kunnskapen og interessa for verdsarven blir ført vidare til komande generasjonar.