Korleis kan ein få unge vaksne til å få eigarskap til verdsarven i Finnmark?
I Finnmark er det no åtte trainees som alle har eit ønske om å lære om og utvikle vår felles verdensarv.
Årets Verdensarvinger
Skrevet av Bjarte Båtevik og Robert Hetland Lende.
I vår vart det utlyst 14 stillinger frå Norges Verdensarv. Dei ettersøkte eventyrlystne unge vaksne som ønska å jobbe innan formidling over sommaren. Det var eit ønske om fleire med forskjellig bakgrunn som skulle danne tre unike tverrfaglige grupper. Gruppene skulle jobbe forskjellige stadar i landet med forskjellige norske verdensarver. I år var desse stadane; Bryggen i Bergen, Bergkunsten i Alta og Struves Meridianbue.
I Finnmark er det no åtte trainees som alle har eit ønske om å lære om og utvikle vår felles verdensarv. Desse er alle frå ulike stadar i landet, med forskjellige faglige bakgrunnar og erfaringar, som saman skal danne to svar til årets utfordring. For Bergkunsten i Alta har vi fire traineer; Maren, som studerar arkeologi ved UiT, Oscar, som studerar arkeologi ved UiO, Vilde, som studerar psykologi ved NTNU, og Siri, som studerar kulturminneforvaltning ved NTNU.
For Struves Meridianbue har vi også fire trainees; Maria, som studerar geologi ved UiB, Kentaro, som studerar energi og miljø ved NTNU, Aurora, som studerar by-og regionalplanlegging ved NMBU, og Ingvild, som studerar byplanlegging og samfunnsikkerheit ved UiS.
Åpningsdagen
Etter ein suksessfull start for traineeane ved Bryggen i Bergen var det endeleg gjengen i Nord sin tur. Her er det i år to grupper som skal jobbe med forskjellige verdensarvsteder. Eine gruppa skal jobbe med Bergkunsten i Alta, medan den andre skal jobbe med Struves Meridianbue. På laurdag vart det arrangert Kick-off, der Liv Astrid Sverdrup, direktør for Norges Verdensarv, presenterte UNESCO og kva slags arbeid som vert gjort for å verne det vi i dag definerer som vår felles verdensarv. Her fekk også Bjarte og Robert, som begge er tidlegare trainees, presentert litt om tida deira som traineer i fjorårets prosjekt, samt kva rolle dei vil ha som stipendiatar i årets prosjekt.
Etter presentajonane vart dei nye traineeane vist rundt i utstillinga ved Altamuseet, der dei fekk sjå bergkunst, samt utstillinga om verdensarv som vart satt opp i 2023. Deretter gjekk turen til Sorrisniva kor traineeane fekk være med på båttur i Altaelva for å verte meir kjende med ein av dei viktigare stadane i Alta, både frå tidlegare og i dag. Etter ein kjekk tur langs elva samlast gjengen på kvelden for å grave og tilberede mat i kokegrop i bakken. Medan maten kokte vart gruppene vist rundt i bergkunstfeltet rundt museet. Her fekk dei sjå både malte og umalte helleristningar, og dei ulike motiva ein finn her. Deretter vart det middag med kveite, reinkjøtt, og rotgrønnsaker og kvelden vart avslutta med å kaste fiskesprett ved vasskanten.
Prosjekt «Verdensarvingane»
Programmet starta som eit pilotprosjekt i fjor ved verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Då var det åtte studentar fordelt på to grupper som skulle utvikle eit forslag til løysning på fjorårets utfordring; Hvordan kan Nærøyfjorden verdsarvpark og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv bedre kommunisere de universelle verdiene (OUV) knyttet til Vestnorsk fjordlandskap?
Med base i Geiranger og Aurland fekk desse ungdommane bu og leve midt i verdensarven. I møte med områda og lokalsamfunna der, fekk gruppene lære om korleis desse fungerer i dag. Dette gav gruppene utgangspunkt til å sjå potensialet til desse områda.
Tidleg i prosessen skulle problemstillinga spissast inn. Det skulle da velges ut ei målgruppe. Begge gruppene valgte å spisse inn utfordringa mot målgruppa unge vaksne, målgruppa traineeane sjølv høyrte til. Begge gruppene hadde, uavhengig av kvarandre, sett eit manglande tilbud for unge vaksne. Dette var og noko verdsarvstadane sjølv kunne kjenne seg att i. Unge vaksne har gjerne dårlegare kjøpekraft og legg dermed att mindre pengar. Det har derfor vert vanskeleg å få plass til desse når tilbud vert utvikla. Likevel er ein avhengig av at den komande generasjonen veit om verdensarven i Noreg, slik at den vert tatt hand om i kommande generasjonar. Årets utfordring, både for Bergkunsten i Alta og Struves Meridianbue, vart derfor som følger; Korleis kan ein engasjere unge vaksne? Korleis kan vi få unge vaksne til å få eigerskap til verdensarven?
Årets prosjekter
Alta er rik på bergkunst, og har den største konsentrasjonen av bergkunst i Nord-Europa. Aldersspennet på kunsten ser ut til å strekke seg over ei lang tidsperiode, og ser ut til å være mellom 7000 og 2000 år gamle. I Alta er fem områder registrert som verdsarv, men det er fleire felt med bergkunst som også blir tatt vare på av Alta Museum. Verdsarvstatusen kom først i 1985 og Bergkunsten i Alta er per dags dato den einaste forhistoriske kulturarven.
Utfordringa for Bergkunst gruppa ligg mykje i det å skape eit forhold mellom folk og bergkunst, samt å auke kunnskapen rundt temaet. Synlegheita til kunsten er også ei problemstilling, samt trusselen rundt ferdsel i sensitive bergkunst-felt. Gruppa skal derfor besøke fleire av stadane kor det finnes bergkunst av ulike slag for å sjå på kva for nokre løysingar som kan vera relevante.
Struves meridianbue er ei kjede av triangulasjonspunkter som strekk seg over 2 820 kilometer frå Hammerfest i Noreg til Svartehavet. Den vart oppretta av den tyske astronomen Friedrich Georg Wilhelm Struve mellom 1816 og 1855 for å måle jordas storleik og form. Meridianbuen vart i 2005 oppført på UNESCOs verdensarvliste som eit vitenskapeleg landemerke. I Noreg strekker kjeda seg over Finnmark frå heilt nord i Hammerfest til sør i Kautokeino.
Gruppa som skal jobbe med Struve har i år ei ekstra utfordring, då kulturminnet strekk seg over store avstandar. Vardane som ein gong markerte dei gamle målingspunkta, er stort sett vekke. Det er dermed lite som viser igjen av det store arbeidet som var gjort den gong. Mykje av arbeidet til traineeane vil bestå av ekskursjonar til kjente og ukjente målepunkt langs meridianbanen i Finnmark. Det vert spennande å sjå løysinga dei kjem fram til for å få fleire unge engasjerte i kulturminnet.
Veien videre
Vegen vidare vil by på eit intenst møte med verdsarven med mange inntrykk og opplevingar. Innan fire veker skal gruppene ha gjort seg kjent med områda og utvikla nye løysinger til årets utfordring. Gjengen i Finnmark venter spent på å sjå kva løysing gruppa i Bergen kjem med allerede 28. Juni. Gruppene i Alta skal presentere sine prosjekt 5. juli. Ein kan følge prosessane og kvardagen til traineeane på Instagram; @verdensarvinger. Gjerne ta følge på reisa vidare!
Ta en titt på vår Instagram for å se hva tidligere trainees har jobbet med