Framtidas arvingar
I årets traineeprogram har det vært med en stipendiat i hver gruppe. Stipendiatene er tidligere trainees som kan dele av erfaringer fra fjoråret samt bidra både sosialt og faglig. Robert Hetland Lende og Bjarte Båtevik er stipendiater for gjengene som i sommer jobber med Bergkunsten i Alta og Struves meridianbue. Vi ba Robert og Bjarte om å komme med deres blikk på prosjektet Verdensarvinger, og si noe om hvorfor det er viktig å engasjere flere unge til å ta vare på verdensarven i Norge.
Eit tiltak for å bevare den norske verdsarven
Skrevet av: Robert Hetland Lende og Bjarte Båtevik
Prosjektet «Verdsarvinger» baserer seg på ungt engasjement for verdsarv, og for å nå ei gruppe som ofte er vanskeleg å engasjere. Om sommaren blir fleire unge vaksne, frå ulike bakgrunnar, sendt til ulike verdsarvstader for å besvare ein utfordring angåande framtida til de bestemte verdsarvsstadane. I år har alle problemstillingene tatt for seg korleis å involvere og engasjere unge vaksne. Dette slik at verdsarven ikkje berre vert eit objekt av fortida, men også kan gli inn i framtida.
Bakgrunn
Dei fleste som oppsøker verdsarvstadane i dag er av dei godt vaksne. Norges Verdensarv ønskjer at flest mogleg skal få glede av vår felles verdensarv. Det er derfor viktig å formidla desse stadane til flest mogleg. Om folk ikkje kjenner til verdsarven, har dei ikkje grunnlag for å forstå kvifor den er verdt å ta vare på. Dette har gjeve grunnlag for utviklinga av «Verdensarvinger»; eit prosjekt for å engasjere unge vaksne i verdsarva. Det vert og jobba mykje med å få verdsarven inn som ein del av pensum i grunnskulen, slik at også barn skal kunne få eit forhold til den.
Å engasjere dei unge vaksne er viktig, ikkje berre for at det skal være interesse for arva, men også for å få inn nye tankar og idear som samsvarer med eit yngre publikum. Dei tek med seg kunnskap om trendar og saker som er relevant for unge, som kan gjere verdsarva attraktivt å ivareta. Dette er også ei periode kor dei skal begynne å gå meir aktivt inn i arbeidslivet. Dermed er det å satse på dei unge viktig for innovasjon og engasjement i vidare arbeid. Om verdsarva ikkje klarer å tilpasse seg til eit endrande publikum og samfunn, vil det vere vanskelegare å klare å formidle verdiane til verdsarva.
– Verdsarven tilhører alle
For å få ein idé av arbeidet som vert gjort, har vi intervjua tre stykker med forskjellige roller i årets prosjekt.
Max Resar (24), trainee i fjor og stipendiat i år:
Kva visste du om verdsarv før «Verdingsarvingene»?
Mitt forhold til verdsarv var nok meir knytt til UNESCO og World Heritage, samt store monument som Taj Mahal. Eg hadde lite kunnskap om kva som var i Noreg, og visste kanskje kun om Bryggen i Bergen. Eg hadde kjennskap til UNESCO, men kunne ingenting om kriteria og detaljane som gjekk inn i arbeidet. Eg føler at World Heritage er meir kjent for meg enn verdsarv som terminologi.
Korleis har ditt forhold til verdsarven endra seg?
Det har endra seg veldig da eg har skjønt at stadane er knytt saman. At det kan være ei bru mellom Taj Mahal og Bryggen i Bergen er ein veldig fin tanke. I tillegg har eg fått ei større bevisstheit om bevaring av kulturarv og landskap, spesielt i møte med klimaendringar. Her trur eg viktigheita av å engasjere unge er spesielt viktig.
Reknar du verdsarv som noko for dei spesielt interesserte?
Nei, absolutt ikkje. Eg tenkjer at alle er verdensarvingar, og at verdsarven tilhører alle. Vi burde jobbe for at fleire skal ha tilgang og kjennskap til verdsarven. Særlig er det ein jobb å gjer med folk som bor i verdsarvområder, for å øke lokal engasjement.
Har du nokre tankar generelt om forholdet mellom unge vaksne og verdsarva?
Eg tenkjer at for å bevare verdsarven for framtida er det viktig å engasjere oss unge. Det er vi som skal ta over ansvaret. Om vi ikkje ser nytta kan vi risikere å miste den.
– Fleire kan interessere seg for verdsarva om informasjonen er tilgjengeleg
Maren Aurora Gude (23), trainee for Bergkunsten i Alta i år.
Kva visste du om verdsarv før «Verdingsarvingene»?
Eg visste at det var for å presservere historiske monumenter, men tenkte først det kun var kulturhistoriske. Noko sterkt prega av turisme ein berre møtte på. Det som er spennande er at det og tek vare på naturvitenskapelig historie, og andre naturområde.
Korleis har ditt forhold til verdsarv endra seg?
Eg føler at eg forstår mykje meir av djupna i verdsarvlista, og kva typar utfordringer verdsarvstadane møter på.
Reknar du verdsarv som noko for dei spesielt interesserte?
Nei. Eg føler at verdsarva er for alle. Dei spesielt interesserte søker gjerne opp verdsarva, men desse stadane er monumenter som reflekterer menneskelege bragder gjennom tida. Den representerer oss alle. Eg trur og at alle som får moglegheita til å bli kjent med verdsarva sitt igjen med eit positivt inntrykk. Derfor meiner eg flest mogleg må få oppleve den.
Har du nokre tankar generelt om forholdet mellom unge vaksne og verdsarva?
Det er litt mangelfullt. At ting koster pengar gjer at verdsarva kan bli meir utilgjengeleg for unge. Det auker terskelen for å oppsøke desse stadane, spesielt om ein ikkje har ein stor interesse i dei frå før.
Kva tenkjer du må til for å engasjere unge vaksne? Er det mogleg at det ligg ei interesse hos dei unge allerede?
I år har vi intervjua unge vaksne på gata, og dei fortel at dei synes bergkunst er spennande. Da var det ein på 21 år som hadde budd i Alta heile livet. Han fortalte om da han fann ein pamflett som lærte han masse om bergkunsten som han aldri hadde høyrt om. Han fekk ei betre forståing for bergkunsten, og fekk plutseleg eit større ønskje om å sjå dei på ekte. Dermed ser vi at fleire kan interessere seg for verdsarva om informasjonen er tilgjengeleg.
– Kan være interessant for både friluftsfolk og dei med interesse for vitenskap
Geir Ivar Johansen (37), verdsarvkoordinator for Struves Meridianbue.
Reknar du verdsarv for noko som er for dei spesielt interesserte?
Nei, ikkje eigentleg. Verdsarva er noko vi alle skal arve. Likevel kan det å forstå den være for dei spesielt interesserte. Ein treng likevel ikkje å forstå den for å få glede av den.
Har du nokre tankar generelt om forholdet mellom unge vaksne og verdsarva?
Unge vaksne er gjerne på eit punkt der dei skal velje kva dei skal gjere vidare i livet. Nokon vil kanskje jobbe innan felt som kultur og natur, der verdsarva vert svært aktuell, medan andre kanskje ikkje vil ha så mykje med den å gjere gjennom arbeidslivet. Uansett om ein jobber med noko relevant eller ikkje, burde ein ha kunnskap og ikkje minst meninger rundt verdsarva.
Kva tenkjer du må til for å engasjere unge vaksne? Er det mogleg at det ligg ei interesse hos dei unge allerede?
Struves meridianbue kan være interessant for både friluftsfolk og dei med interesse for vitenskap. Dette er interesser fleire unge vaksne har, men det kan være at potensialet rundt dette i verdsarven ikkje vert formidla godt nok. Ein må derfor finne ein måte å vise dette på. Dette kan for eksempel være gjennom skulesystemet eller populærkultur som film og tv. Det treng ikkje være detaljert, men nok til å opplyse og moglegens vekke nysgjerrigheit.